Nedgang i skatteinntekt

Per 31. oktober 2018 var skatteinngangen til Etne kommune på 82, 1 millionar kroner på formue og inntekt. Det tilsvarar 19.758 kroner per innbyggar, og er ein tilbakegang på 0,5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det kjem fram i eit brev som Fylkesmannen har sendt til kommunen. I snitt er skatteinngangen i Hordaland 23.374 kroner per innbyggar. Skatteinngangen for heile fylket syner ein auke på 1,9 prosent dei første ti månadene i år samanlikna med same periode i fjor for kommunane i fylket samla utanom Bergen. For Bergen kommune var skatteauken i den same perioden 1,6 prosent. Etne Kommune har budsjettert med skatteinntekter på 98.020.000 kroner i 2017.