Friluftsrådet melder om snø og fine skiløyper.

Det er snø i fjellet og preparerte skispor i løysløpa og inn til Olalihytta opplyser Friluftsrådet Vest. Her frå ein tidlegare fin skidag. Foto: Friluftsrådet Vest.

Snø i Olali-traktene

Friluftsrådet melder om snø og fine skiløyper.

av Jon Edvardsen

— Etter snøfallet på søndag er det gode snø- og løypetilhøve i Olali-traktene, opplyser dagleg leiar Oddvin Øvernes i Friluftsrådet Vest.

Snømengdene er aukande når ein kjem lengre inn i fjellet.

Løypemaskina har sett spor i lysløypa og inn til Olalihytta. Øvernes opplyser at det er lys i lysløypa fram til klokka 23.00, og varmestova på Opheim er open.

Han oppfordrar turgåarar til å unngå islagte vatn.