Ynskjer symjeopplæring

Bjoa barnehage har søkt Fylkesmannen i Rogaland om midlar til symjeopplæring. Ifølgje søknaden, som er underteikna einingsleiar Gunnar Norenes ved Bjoa oppvekstsenter, planlegg den kommunale barnehagen i Vindafjord å gjennomføre symjeopplæring for dei seks barna dei har i førskulegruppa si. Dette med til samen 12 timar undervisning, frå januar til april i Vindafjordhallen. — Tilskotet skal bidra til at Bjoa barnehage kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehagen tilstrekkeleg symjeopplæring, slik at barna blir trygge i vatn skriv han. I september i år fekk Imsland barnehage i Vindafjord tildelt midlar frå ein restpott med midlar til slike formål i 2017-budsjettet.