Etterlyser vitne

Politiet har framleis ikkje kome til botnars i det store tjuveriet av båtmotorar frå hytteområdet ved Kvaløy i Imsland. Det var natt til laurdag 9. desember at tjuveriet skjedde og Vindafjord lensmannskontor har førebels fått inn fem anmeldelsar. — Ein bil blei observert kl. 04.00 denne natta og me trur denne har samanheng med tjuveriet. Me ber om at folk som har sett noko eller har relevant informasjon, om å ta kontakt med oss, seier lensmann Ingvar Gjærde. Det er mistanke om at tjuvane har besøkt området i forkant for å rekognosera.