Julegrauten måtte erstattas med lapskaus under juleavslutninga for eleavne ved Ølen vgs.
FOTO: TIPSAR
Julegrauten måtte erstattas med lapskaus under juleavslutninga for eleavne ved Ølen vgs. FOTO: TIPSAR

Fekk mandel i lapskaus

Gode råd vart dyre då leverandøren Tine ikkje kunne levere julegraut til elevane ved Ølen vidaregåande skule fredag.

Ølen vidaregåande skule har hatt tradisjon for å samle elevane i Ølen kulturhus og servere julegraut med mandel.

Men i år vart skulen satt i sjakk mat(t) då dei tidlegare i veka fekk melding om at Tine var tom for graut. Dei hadde ikkje ny produksjon att før det var for seint til å levere til Ølen-elevane.

Løysinga vart mandel i lapskaus (!).

— Slik at me i alle fall fikk teken i vare den viktigaste biten av tradisjonen, humrar rektor Ruth Janett Sæle.

Ikkje noko å spare

— Er mandel i lapskaus i staden for graut eigentleg eit skjult innsparingstiltak i regi av Rogaland fylkeskommune?

— Nei, det var det ikkje. Sånn sett trur eg nok at lapskaus er noko dyrare enn graut, seier ho.

Vart funnen

Rektoren legg til at elevane har fått ete graut under ein adventsfest tidlegare i månaden, i kantina på skulen.

Og mandelen, den vart funnen. I lapskausen.

— Og han som vann var veldig glad for å få to kinobillettar, fortel Sæle.