«Aasta Hansen»-dekket under transport frå Ølensvåg til Stord.
FOTO: WOLDCAM/STATOIL
«Aasta Hansen»-dekket under transport frå Ølensvåg til Stord. FOTO: WOLDCAM/STATOIL

Segla frå Ølensvåg

Det enorme plattformdekket til «Aasta Hansteen»-plattforma vart frakta frå Ølensvåg til Stord laurdag.

Samanstillinga med understellet tok til ved Stord same kveld.

LES OGSÅ: På plass i Ølensvåg

Det 24.000 tonn tunge plattformdekket kom til Ølensvåg for om lag to veker sidan, og vart lasta om der. Etter planen skulle det bli frakta til Stord torsdag, men det var utsett til laurdag grunna det dårlege vêret før helga.

— Vi ventar at samanstillinga er ferdig måndag eller tysdag, opplyser pressetalsmann Eskil Eriksen i Statoil

Kværner jobbar med å klargjøre Aasta Hansteen-plattforma til oppkopling i Norskehavet I 2018. Produksjonsstart blir etter planen i siste kvartal 2018.