— Litt nysnø dei to siste dagane har gjort at det nå er flotte forhold og gode løyper i lysløypene og innover til Olalia fjellstove, opplyser Knut-Arild Sørensen i det regionale friluftsrådet.
Vêrmeldingene tyder på fine vinterdagar i helga.
— Så finn fram skia og ta sesongens første skitur enten du vil gå deg ein tur i løysløypene mellom Opheim og Fjellstøl eller ta deg ein forfriskande tur på laurdag eller søndag inn til Fjellstova. Det er lys i lysløypene fram til kl. 23 kvar kveld, og du kan nå gå i opplyste løyper heilt frå Opheim og inn til dei gamle lysløypene på Fjellstøl, seier Sørensen.