Eit nytt år er snart omme og lokalavisa vil saman med lesarane kåra Årets namn. I denne omgang ber me om kandidatar og me jaktar eldsjeler og kvardagsheltar.
Lokalavisa for Vindafjord og Etne har i elleve år på rad kåra ein lokal person som årets namn gjennom ei lesaravstemming. Gjennom desse åra har hundrevis av forslag blitt lanserte og 66 gode kandidatar blitt presenterte. Dette har vore personar som har markert seg i lokalmiljøet, utmerka seg nasjonalt eller vore gode ambassadørar for kommunane våre.
Eldsjeler
Denne gong endrar me premissane noko for utveljinga av kandidatar. Me vil spissa merksemd meir mot eldsjelene og kvardagsheltane, dei som gjer ein ekstraordinær frivillig innsats for ei sak eller ei unik gjerning i lokalsamfunnet som kjem andre til gode. Det kan vera innafor organisasjonslivet, i ddrettslaget, i klubben, men også utanfor det organiserte samfunnslivet.
Som lokalvis ser me det viktig å trekkja fram folk som betyr noko og som er viktige for bygda, bidrar positivt som medmenneske eller for den gode saka. Det finst svært mange av desse personane, og me trur at lesarane kan vera med å bidra til å få fram kandidatar som kan vera med på ei avstemming og få ein fortent heider.
Vinnarar
Oversikt over tidlegare vinnnarar:
* 2006: Åse Handeland, Ølen
* 2007: Inger Karin Larsen Nerheim, Skånevik
* 2008: Elise Petra Bjerg Tokheim, Sandeid
* 2009: Jon Olav Velde, Vats
* 2010: Kari Johansson, Skånevik
* 2011: Gro Marit Messmer Larsen, Skjold
* 2012: Kenneth Birkenes (31), Elverum/Etne
* 2013: Chris André Jespersen, Skånevik
* 2014: Ole Arne Pedersen, Ølensvåg
* 2015: Arne Gunnar Habbestad, Ølensvåg
* 2016: Nils Andreas Åsheim, Skånevik
Seks kandidatar
Redaksjonen ynskjer i denne omgangen forslag på Årets namn 2017 innan 17. desember.
Send forslag på e-post redaksjon@grannar.no, SMS til tlf. 97570789 eller ring oss på tlf. 93255990.
Det er viktig å leggja ved ei god grunngjeving for forslaget ditt.
Personar som har vore nominerte dei siste åra, er uaktuelle.
Ut frå forslaga nominerer redaksjonen seks kandidatar som lesarane kan stemma på. Me kjem attende til avrøystinga like over nyttår.
Arne Frøkedal
redaktør