Sjå opp for hjort

Medan bilisten hadde stoppa etter å ha køyrt på ein hjort, blei hjort nummer to påkøyrt av ein annan bil. Den uvanlege hendinga skjedde på E134, på Etne-sida av Fiske seint på ettermiddagen måndag 11. desember. Resultatet var at viltnemnda blei tilkalla og båe hjortane, to vaksne dyr, blei avliva. Dagen etter måtte viltnemnda ut igjen etter at eit rådyr blei påkøyrt, denne gongen på E134 sør for Etne. Lensmann Ingvar Gjærde seier det er mange hjortetrekk for tida og stor fare for kryssing av veg. Han trekkjer fram Fikse som ein av dei verste stadane. Hans råd til bilistane er å køyra forsiktig og vera merksame.