Talet på ledige går ned

Situasjonen i arbeidsmarknaden for Hordaland er tilbake på same nivå som då nedgangen råka Vestlandet i 2015, viser tal frå NAV. I november er det registrert 7.425 heilt ledige i Hordaland, noko som utgjer 2,7 prosent av arbeidsstyrken og er ein nedgang på 1977 ledige frå same tid i fjor. I Etne var 38 personar heilt utan arbeid i november. Dette utgjer 1,7 prosent av arbeidsstyrken og er ein nedgang på fem personar frå same til i fjor og fem personar frå oktober månad. I Rogaland står 7.991 personar heilt ledige. Det er 3,1 prosent av arbeidsstyrken og ein nedgang på 3714 ledige frå same tid i fjor. I Vindafjord viser tal at 150 personar var ledige i november. Det er ein nedgang på 20 frå same tid i fjor og ein nedgang på 13 frå oktober i år. Totalt utgjer dei ledige 3,1 prosent av arbeidsstyrken. I november i år vart det utlyst 2.144 stillingar i Hordaland og 1.834 i Rogaland.