Tillaup til brann

Klokka 13.45 måndag rykka mannskap frå både brannvesen og politi ut då det kom melding om open flamme frå det elektriske anlegget i ein bustad i Etne. — Huseigar hadde sjølv sløkt flammene då mannskapa rakk fram. Det oppstod mindre skadar og sak er oppretta, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.