I dag var det første spadetaket for ny sykkelveg mellom Ølen og Ølensvåg.

Seksjonsleiar Ann Mari Sandvin Hardeland i Statens vegvesenet tok det første spadetaket på gang- og sykkelstien saman med vindafjordordførar Ole Johan Vierdal. Bak til venstre formann Kjetil Berge hos entrepernør Risa AS, prosjektleiar Asbjørn Opedal i Statens vegvesen, kontrollingeniør Bjørn Brekke i same etat, og anleggsleiar Alf Sætre hos Risa AS. Foto: Jon Edvardsen

Tok første spadetak

I dag var det endelege beviset på at arbeidet på at ny gang- og sykkelveg mellom Ølen og Ølensvåg er i gang.

av Jon Edvardsen

Ordførar Ole Johan Vierdal fekk æra av å ta det første spadetaket saman med seksjonsleiar Ann Mari Sandvin Hardeland i Statens vegvesen i ruskevêret.

Markeringa skjedde om lag 600 meter aust for Ølensvåg sentrum.

Prisen for det 3,3 kilometer lange prosjektet på E134 mellom Ølen og Ølensvåg er 75,5 millionar kroner.

— Vi skal vere ferdig nærmare jul i 2019, opplyser anleggsleiar Alf Sætre i Risa AS som har fått oppdraget.

Gang og sykkelvegen skal bli tre meter brei og ha eit grøntareal på tre meter inn mot europavegen.