Neptun 3 er 23 meter djup, og ruva godt ved kaianlegget på Molnes før den vart senka ned i sjøen i oktober 2015.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Neptun 3 er 23 meter djup, og ruva godt ved kaianlegget på Molnes før den vart senka ned i sjøen i oktober 2015. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Westcon satsar på havbruk

Westcon Group blir største eigar i Aquafarm Equipment. Ei verksemd som i haust har opplevd både oppturar og nedturar kring oppdrettsmerden «Neptun».

Gjennom ein emisjon aukar Ølensvåg-konsernet Westcon Group sin eigardel til 34 prosent og blir då største akjonær i oppdrettsleverandøren Aquafarm Equipment AS. Westcon har sidan november 2016 hatt ein eigar post på i underkant av 10 prosent i verksemda.

Testa i Etne

Haugesund-verksemda Aquafarm Equipment AS har utvikla den semi-lukka oppdrettsmerden «Neptun» som over fleire er testa ut på Molnes i Etne av Marine Harvest. Det har blitt dokumentert gode resultat når det kjem til god vekst, lite lus og anna sjukdom, samt oppsamling av store deler av avfallet.

— Havbruksnæringa står framfor store utfordringar og Aquafarm har utvikla eit innovativt konsept som vil bidra til å løyse desse. Vår tru på konseptet har vakse betydelig gjennom det året vi har vært inne på eigarsida. Det uttrykker vi nå ved å investere ytterlegare, seier Arne Birkeland, konsernsjef i Westcon Group og styreleiar i ei pressemelding.

Fekk avslag

Med mål om å ta erfaringane frå «Neptun» vidare til fullskala drift og produksjon, søkte Aquafarm til Fiskeridirektoratet om totalt seks utviklingskonsesjonar i juni 2016. I oktober 2017 kom avslaget. Fiskeridirektoratet  meiner konseptet ikkje oppfyller kravet om «betydeleg innovasjon».

Avslag kom nokre månader etter at EU-programmet Horisont 2020 ga 18 millionar kroner i støtte nokre månader tidlegare.

—Vi finn det oppsiktsvekkande at konseptet blir vurdert til ikkje å fylle krava om betydeleg innovasjon når verdas største forskings- og innovasjonsprogram gir prosjektet 18 millionar kroner i støtte, seier Birkeland.

Har klaga

Aquafarm har klaga på Fiskeridirektoratet sitt vedtak. Aquafarm meiner «Neptun»-prosjektet tilfredsstiller alle kriterium for utviklingsprogrammet.

— Vi er innstilt på å ta dei utviklingsstega som står att før vi har fullverdige og uttesta løysingar for matfiskproduksjon, seier Birkeland.

Birkeland har god tru på  at «Neptun» når gjennom me si klage og vis til at utviklingskonseptet «Egget» som fekk ytterligare to utviklingsløyver etter at Marine Harvest klaga på eit negativt første vedtak.