16 sjåførar fekk mangellapp under kontrollar i Vindafjord.

Statens vegvesen var tilfredse med vinterdekka på dei kontrollerte bilane. Foto: Statens vegvesen

Fann fleire tekniske feil

16 sjåførar fekk mangellapp under kontrollar i Vindafjord.


Alle 44 kontrollerte køyretøy hadde gode vinterdekk, men andre tekniske feil var det rikeleg av. Det var status etter at Statens vegvesen torsdag ettermiddag og kveld gjennomførte kontrollar i Vindafjord retta mot lette køyretøy. Etaten var ute i Ølmedal, Vikebygd og Isvik denne vinterdagen med spesielt blikk på bilbelte, lys og dekk. Dette resulterte i teknisk mangellap på 16 køyretøy, hovudsakelg på grunn av manglande lys. Éin bil mangla bremselys og måtte parkera til dette blei ordna. Ein annan sjåfør åtte sikra lasta på tilhengjaren før han fekk køyra vidare. Det blei skrive ut eitt bibeltegebyr, to førarkortgebyr og to vognkortgebyr.