Full gass i det nye året

Ti fartsbøter i Etne.


For andre gong denne veka skreiv politiet ut eit tosifra tal fartsbøter i Etne. Seint torsdag kveld rigga etaten seg til med laseren ved Bjørgen-krysset på E134 heilt vest i kommunen. Kontrollen resulterte i ti forenkla førelegg på ei tid med liten trafikk. Høgaste fart blei målt til 80 km/t i 60-sona, melder Sør-Vest politidistrikt.