Chris Jespersen i mål  på 15 kilometeren utan å hevda seg blant dei aller beste.
Foto: Skjermdump NRK!
Chris Jespersen i mål på 15 kilometeren utan å hevda seg blant dei aller beste. Foto: Skjermdump NRK!

Jespersen på niande plass

Chris André Jespersen viste ikkje OL-form under fredagens 15 km NM-distanse i fri teknikk.

Skåneviksbuen som nå representerer Strindheim, enda til slutt på niande plass på det som kanskje er hans beste distanse. Han var 1.18.3 minutt bak vinnaren, suverene Simen Hegstad Krüger, Lyn.

Jespersen som er i teamet til Petter Northug jr. har hatt vinterens OL i Sør-Korea som mål, men har ikkje vist god form så langt i sesongen, noko han også gjorde klar til NRK før start. Jespersen sa han fekk ein smell i oktober, men har jobba godt og føler at han har framgang.

Han burde ha tatt NM-gull, eller iallfall hamna på pallen, om han skulle vera i vurderinga til OL. Det var skåneviksbuen langt ifrå å klara fredag. Alt etter dei første kilometrane på 15 km låg Jespersen tidsmessig på etterskot, og både etter fem og ti kilometer hadde han sjette beste tid. Mot slutten var det fleire av konkurrentane som fekk farten opp og som passerte han.

Per Kristian Nygård tok sølvet, medan Daniel Stock blei nummer tre. Fleire av landets bete løparar stilte ikkje til start.