Ulykka skjedde i Øklandsvegen i Ølen like før klokka 8 tysdag morgon.
Ikkje livstruande
Sør-Vest politidistrikt melder på Twitter at den unge mannen ikkje skal vere livstruande skada.
Sjåfør avhøyrd
Det var ei 26 år gamal kvinne som køyrde personbilen som trefte mopedisten. Like før klokka 9 melder politiet at ho blir avhøyrd på staden.
— Førarkortbeslag blir vurdert, heiter det i meldinga frå politiet.