Ikkje alt ved VIkedalselva stod tørt torsdag 7. desember 2017.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Ikkje alt ved VIkedalselva stod tørt torsdag 7. desember 2017. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Unormal vått i desember

Desember blei ein månad med regn langt over det normale i distriktet.

Ingen har gløymd regnet som skylte ned i Grannar-bygdene tidleg i desember, noko som blant anna førte til ei av dei største fassføringa Vikedalselva dei siste 50 åra. Målingar på Meteorologisk institutt sin stasjon i Nedre Vats viser heile 507 millimeter nedbør i desember 2017.

Målinga er 329 millimeter over det normale.

Det meste på éin dag var 6. desember då det blei registrert 91,3 millimeter på stasjonen i Vats.

Ved meteorologisk institutt sin stasjon i Etne blei det målt 444,4 millimeter i fjorårets siste månad. Også her var 6. desember våtast med 89 millimeter. Døgnrekordane var dei høgste for heile fjoråret.

Desembermålinga for Vats og Etne er også dei høgaste nedbørstala per månad for heile fjoråret.

Også temperaturen var «unormal» i julemånaden. I Vats var den i snitt på 2,4 gradar, som er 1,6 over normalen. Varmaste dag i desember var den sjuande med ei måling på +10,6, medan 17. desember var kaldast med -9,5.

I Etne var høgaste temperatur +10,8 gradar 7. desember og -9,8 fem dagar seinare.