51 sjekka i kontroll

Politiet gjennomførte promille- og trafikkontroll i Sandeid


Laurdag gjennomførte politiet ein promille- og trafikkontroll i Sandeid der 51 førarar blei sjekka. Ein fekk forenkla førelegg for manglande sikring av barn, og tre fekk munnlege åtvaringar for manglande lys. Kontrollen blei gjennomført mellom 10.30 og 11.30, blir det opplyst på Politiet i Sør-Vest sin Twitter-konto.