«Nor Feeder» har gjort teneste for Arriva Shipping i over 20 år. No er skipet seld til Nederland.
FOTO: ARRIVA SHIPPING
«Nor Feeder» har gjort teneste for Arriva Shipping i over 20 år. No er skipet seld til Nederland. FOTO: ARRIVA SHIPPING

Droppar containerfrakt

«Nor feeder» seld til Nederland.

I 2006 kjøpte dåverande Sandfrakt containerskipet MV «Nor Feeder». No får det nye eigarar, nederlandske A2B Shipping.

God jobb

Skipet vart overlevert til nye eigarar fredag, skriv Arriva Shipping AS i ei pressemelding.

— Eit fantastisk flott skip med ei dyktig besetning som har utført ein god jobb for oss i mange år, seier Arriva-sjef Sindre Matre.

Marknaden endra seg

Men etter å ha sigla skipet i ein god marknad dei første åra før finanskrisa kom, har åra etterpå vore utan særleg økonomisk berekraft. Difor vel Vindafjord-rederiet Arriva Shipping AS no å selje skipet.

— Me har vald å konsentrere oss om sjølvlossarar, som er vår kjerneverksemd, og heller la andre aktørar ta seg av containermarknaden, seier Matre.