Får bot for fyrverkeri

Feira fødselsdag.


Ein mann i 40-åra kan rekne med å få eit førelegg i posten for brot på brann- og eksplosjonslova etter å ha fyrt opp fyrverkeri i Etnesjøen måndag kveld. — Me fekk melding klokka 19.15. Det er på det reine at det var dyr i området som var blitt skremde. Ein patrulje spora opp kor fyrverkeriet var fyrt opp og kom i kontakt med den ansvarlege, opplyser fungerande lensmann Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.