Full bak rattet

Bil hadde stoppa i tunnel.


Politiet fekk seint sundag kveld melding om ei full og nærast livlaus kvinne som sat bak rattet inne i Klypetunnelen på E134 i Etne. Ein patrulje blei sendt til Kyrping for å ta hand om sjåføren, ei 30-år gamal kvinne. Ho blei køyrt til Haugesund og framstilt for legevakt, og deretter sett i drukkenskapsarrest. Det er oppretta sak mot sjåføren, melder Sør-Vest politidistrikt.