17-18 Hålandsheia

Semitrailer i grøfta

Semitrailer sperra fylkesveg 48 i fleire timar.

Siste klokka 14:10. Fylkesveg 48 over Håland er opna etter bilberging. Det fortel trafikkoperatør Marianne Hove i Statens vegvesen til Grannar.

Ein semitrailer sklei av vegen på toppen av Hålandsheia på fylkesveg 48 mellom Stordalen og Skånevik måndag føremiddag.

Små bilar passerte

Då Grannar var på staden cirka klokka 9 var det berre så vidt at mindre personbiler kunne smyge seg forbi semitraileren. Større køyretøy kom ikkje forbi.

Klokka 10.20 vart vegen helt stengt, og trafikken vart omdirigert via fylkesveg 34/Strondavegen.

Glatt føre

Det var snøføre og nokså glatt på staden ved 09.30-tida. Semitraileren køyrde i retning Stordalen då uhellet skjedde. Ingen personar kom til skade i uhellet.