Naudetatane rykte ut då det onsdag kveld blei rapport om ein trafikkulykke på fv. 46 i Vindafjord. Ein bil køyrde ut av vegen i Tømmervika, ved avkøyringa til Nedre Vats. Sjåføren (47) blei sendt med ambulanse til sjukehus, men det viste seg seinare at vedkomande ikkje var alvorleg skada. Ifylgje vitneforklaringar kan høg fart ha vore årsaka til ulukka, men det var også glatt på vegen etter snøfall. Det var store materielle skadar på køyretøyet, melder Sør-Vest politidistrikt.