Bil køyrte i mur

Sør-Vest Politidistrikt melder laurdag ettermiddag at ein bil har kjørt i ein mur på fylkesveg 514 mellom Sandeid og Ølen. Ein person er køyrt til sjukehus, men skadeomfanget er ukjent. I følgje Haugesunds Avis var dei to andre tilsynelatande uskadde, ei mor og eit barn, dei blei likevel sendt til Haugesund sjukehus for sjekk.