På førespurnad frå Grannar har politiet valt å frigje overvakingsvideoen som viser korleis minst to frekke tjuvar i over fire timar romsterte rundt på lagerområdet til Kaldheims Bilservice AS på Steinsland ved Sandeid natt til måndag.
På videoen ser ein at ein varebil kjem køyrande frå Sandeid når den kjem inn på området rundt midnatt, og set kursen mot Ølen fire timar etterpå. I mellomtida har tjuvane laga hol i eit gjerde, luska rundt på området og tatt med seg minst 8-10 komplette sett med dekk til bilar. Det vil seie at om lag 40 dekk på felg er stolne.
Trykk på «Spill av video»-merket nede til høgre på bilete for å sjå video av tjuvane.
Truleg utlendingar
Politibetent Audhild Ulset ved Etne og Vindafjord lensmannskontor opplyser at det er gjort observasjonar på Stord av ein liknande bil tidlegare sundag kveld, men har ikkje så langt kunna slått fast at det er den same bilen.
— Me mistenkjer at det er snakk om utanlandske gjerningspersonar på gjennomreise, seier ho.
SJÅ FLEIRE BILETE: TRYKK HER
Politiet ønskjer tips frå publikum i saka. Om nokon har sett ein kvit varebil, truleg av typen Renault Master, med utanlandske skilt, snokande rundt i distriktet ber dei vitne eller andre som kan ha opplysningar om saka ta kontakt på telefon 02800.
Kaldheims Bildeler AS kjøper kondemnerte bilar av forsikringsselskap, og sel bildelar vidare til kjøparar. Det var Vebjørn Larsen og ein kollega som oppdaga innbrotet då dei ikkje fann eit dekksett.
— Etter kvart såg me at fleire dekksett var vekke, og så såg me holet i gjerdet, fortel Larsen til Grannar.
Larsen fortel at verksemd har hatt innbrot tidlegare, men at talet på hendingar gjekk markant ned då dei installerte overvakingsutstyr som dekker heile området.
Tek tid
Dei har eit håp om å få dei stolne dekksetta tilbake, og set sin lit til at overvakingsbilete og politiarbeid kan klare opp saka.
— Det er keisamt å oppleve innbrot på ny. Sjølv om me er forsikra, tek dette både tid og energi. Måndag gjekk det meste av dagen til å hjelpe politiet, først i dag har me kunne drive butikk som vanleg att, sa Larsen til Grannar tysdag.
Ingen kundar vart råka av tjuveriet.
Hendinga er elles meldt inn til eit system kor alle som er medlemmar i Norges Biloppsamleres Forening (NBF), får beskjed om kva som er stole og kva type bil dei som har vore på ferde har køyrt, fortel Larsen.