Bål kom ut av kontroll

Grasbrann i Skånevik.

av Torstein Tysvær Nymoen

Like før klokka 12 laurdag melde Sør-Vest politidistrikt om ein gras/lyngbrann i Skånevik. Brannvesenet rykka ut med bilar og mannskap frå både Skånevik og Etne. Ifølgje politiet var det eit bål som hadde kome ut av kontroll. Brannen spreidde seg i bratt terreng og om lag eitt mål vart svidd av før brannvesenet fekk sløkt brannen.