Målrikt lokaloppgjer

Bortelaget Etne var rett og slett såpass mykje betre enn Vats 94/Skjoldar denne gongen, at den store spenninga uteblei. Det stod 0-2 etter 13 minuttar, etter skoringar av Tøres Rullestad og Martin Kristiansen. Resultatet stod seg til pause. Tøres Rullestad auka til 0-3 etter 55 minutt, og tok det siste håpet om poeng vekk frå heimelaget. Åsmund Norheim og Ove Straumsøy sette inn kvar si nettkjenning til for Etne, før Vats 94/Skjoldar reduserte til 1-5 i sluttminutta ved Øystein B. Gjellestad.

Les meir om kampen i måndagens papiravis.