Nett_57-11-politibil

Mann (88) pressa politiet i grøfta

Førarkortet beslaglagt.

Ein politipatrulje, som var på veg til eit anna oppdrag, fekk seg ei overrasking ved 12.30-tida laurdag.

På fylkesveg 46 i Vikedal kom nemleg ein motgåande bil over i deira køyrfelt.

— Patruljen måtte ut i grøfta for ikkje å bli treft av bilen, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Bilen vart stansa og føraren, ein mann på 88 år, vart kontrollert og avhøyrd.

Politiet har tatt beslag i førarkortet til mannen.