Mars-vêret: Under normalen

Som dei fleste har erfart; mars var ein kjølig og tørr månad. Ved Meteorologisk institutt sin målestasjon i Vats har snitt-temperaturen siste 30 døger vore 0,4 gardar, som er 1,7 gradar under normalen. Høgste temperatur var 8,9 gradar (26. mars), medan lågaste var minus 13,2 gradar (2. mars). Ein del snøfall slo ut på nedbørmålinga. Samla nedbør i perioden var 45,4 millimeter, langt under normalen på 159 millimeter. Mest nedbør på eitt døger var 13,7 millimeter (22. mars).