Tørke og vind i Grannar-distriktet: Brannvesenet åtvarar mot bruk av open eld.

Bravnnvesenet ber folk vere særs varsamme med bruk av open ild. Dei måtte sløkje to grass- og lyngbrannar på ein time i Skånevik laurdag. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

To brannar på ein time

Tørke og vind i Grannar-distriktet: Brannvesenet åtvarar mot bruk av open eld.

av Torstein Tysvær Nymoen

Det er særst tørt i terrenget no. Brannvesenet åtvarar difor sterkt mot bruk av open eld.— I alle fall ikkje utan å ha tilstrekkelig sløkjeutstyr i nærleiken, seier utrykkingsleiar Jacob Bull-Tornøe ved Skånevik brannstasjon. Laurdag leia han to aksjoner på ein time i Skånevik. Først var det meld om ein bråtebrann som kom ut av kontroll ved Åsheim, like før klokka 12. Her vart det svidd av om lag eit mål busk og kratt i bratt terreng før brannvesenet fekk sløkt. På veg tilbake til stasjonen frå den første aksjonen, fekk dei auge på ein annan bråtebrann kor den ansvarlege var i ferd med å miste kontrollen på flammene. — Me såg at det ikkje kom til å gå bra og sløkte difor flammene før situasjonen eskalerte, fortel Bull-Tornøe. Under aksjonen laurdag var det kalla ut brannmannskap frå både Skånevik og Etne brannstasjon, men kollegaene frå Etne vart snudd då dei var kome til Håland, då mannskapa i Skånevik såg at dei hadde kontroll på situasjonen.