Medan kommunane i regionen opplever nedgang i arbeidsløysa, går pila opp i Vindafjord. NAV sine ferske tal for arbeidsmarknaden viser ei positiv utvikling det siste året både i Rogaland og Hordaland. I Nord-Rogaland er det blitt 577 færre heilt ledige sidan april i fjor. Vindafjord toppar den ferske statistikken på Haugalandet med 150 heilt ledige. Det er 3,1 prosent av arbeidsstyrken og to fleire enn i mars. Etne har ein nedgang på ni ledige den siste månaden. Det er registrert 30 personar utan arbeid, noko som utgjer 1,4 prosent av arbeidsstyrken. I Sunnhordland er det 722 ledige. Det er flest innan industriarbeidarar med 153 heilt ledige. Tala for Rogaland viser 7.370 heilt ledige ved utgangen av april, som utgjer 2,9 prosent. Vel hundre færre enn for eitt år sidan. Hordaland har 7.642 heilt ledige, som er 2,7 prosent. Dette er 1.510 færre enn på same tid i fjor.