Sist onsdag brann over 20 mål lyng i Øvre Vats. Brannårsaka var eit bål som ein mista kontrollen på. Frå tysdag denne veke gjeld totalt bålforbod i Etne og Vindafjord.
FOTO: TOR ANDRE JOHANNESSEN
Sist onsdag brann over 20 mål lyng i Øvre Vats. Brannårsaka var eit bål som ein mista kontrollen på. Frå tysdag denne veke gjeld totalt bålforbod i Etne og Vindafjord. FOTO: TOR ANDRE JOHANNESSEN

Bålforbod frå tysdag

Frå tysdag er det ikkje under noko høve lov å fyre opp bål i Grannar-distriktet.

Det opplyser brannsjef Morten Svandal i Etne og Vindafjord brann og redning. Det er det varme og tørre vêret som er bakgrunnen for det blir bålforbod frå tysdag.

— Skogbrannindeksen til Norsk meteorologisk institutt blir endra frå grøn til gul frå tysdag. Det er det som dannar grunnlaget for vedtaket om totalt bålforbod, seier han.

Svidde av 20 mål

Det har vore ei rekke lyng- og skogbrannar på Haugalandet den siste tida. Den største i Vats sist onsdag. Då måtte mannskap frå fire stasjoner til Etne og Vindafjord brann og redning i aksjon for å få kontroll på flammane. Over 20 mål vart svidd av.

— Det er ein av dei større lyngbrannane me har hatt på nokre år, fortel han.

Brannen var forårsake av eit bål kor den ansvarlege hadde mista kontrollen på varmen.

Flinkare til å melde frå

Ifølgje brannsjefen byrjar bønder og andre som brenn bål å bli flinke til seie i frå til brannvesenet om at dei har planar om å brenne bål, slik ein er pliktige til. Men han legg vekt på at om ein meldar i frå om det på førehand, så betyr ikkje det at brannvesenet gir tillating til det.

— Det er alltid den som tenner bålet som er ansvarleg for det går føre seg på kontrollert vis, seier han.

Men frå tysdag – og inntil vidare er det altså under alle høve forboden å fyre opp.

— Det vil bli lagt ut informasjon om bålforbodet på kommunane sine nettstadar, der vil det også bli gitt opplysing om når bålforbodet er over, seier han.

På yr.no sitt langtidsvarsel er det ikkje meldt om ein dråpe nedbør i perioden, som går fram til 23. mai.