Egg-pengar borte vekk

Politiet rykte måndag ut til Sandeid etter melding om innbrot i eit hønsehus, kor eigaren også driv med sal av egg. Eit pengebeløp frå eit kasseapparat og ein del verktøy er stolen. Ifølgje Sør-Vest politidistrikt er det uklart når innbrotet har skjedd.