Lars Kjetil Flesland og sonen Lars Jørund synest det er kjekt at klimastasjonen i hagen deira er med på å setje Etne på kartet.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Lars Kjetil Flesland og sonen Lars Jørund synest det er kjekt at klimastasjonen i hagen deira er med på å setje Etne på kartet. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Etne tok varmerekorden

32,4 gradar er den nye norske varmerekorden for mai. Den blei sett i hagen til Lars Kjetil Flesland i Etne.

— Den siste målinga vi har fått inn frå Etne er 32,4 gradar, opplyste Ingmar Vikane ved Vêrvarslinga for Vestlandet i Bergen onsdag ettermiddag.

Stadfesta rekorden

Han presiserte at han då ikkje har oversikt over alle målingar, men at det var den høgste målinga han hadde høyrt om fram til då.

— Først ved 20-tida i kveld har vi ei presis oversikt over korleis dette har gått, men det er i alle fall ny rekord for Etne, slår han fast.

Og onsdag kveld kom meldinga: Etne har fått den offisielle nye mai-rekorden, noko som mellom andre statsmeteorolog Jon Smits stadfesta på NRK Dagsrevyen si sending.

Gammel rekord slått

Den gamle varmerekorden i Noreg i mai er på 31,8 gradar. Den er frå Nedre Eggedal i Buskerud 27. mai i fjor.

— Det er artig å vere med på setje Etne på kartet på denne måten, seier Lars Kjetil Flesland, stasjonsvert for målaren som står i hagen hans på garden Kaland i Etne.

Les meir om tropevarmen i papiravisa i morgon.