Torleiv Åreskjold (t.v.) og Leif Thorsen har saman med kameraten Andreas Høyland gjort stor suksess både nasjonalt og internasjonalt med si webbaserte informasjonstavle. No har dei også fått sin første kunde offshore. 
Arkivfoto: Torleif Heggebø
Torleiv Åreskjold (t.v.) og Leif Thorsen har saman med kameraten Andreas Høyland gjort stor suksess både nasjonalt og internasjonalt med si webbaserte informasjonstavle. No har dei også fått sin første kunde offshore. Arkivfoto: Torleif Heggebø

God vekst for gründerar

Med over 1.700 kundar fordelt på 18 land nådde Favo – utviklarane av infoskjermen.no – ei omsetning på over 8,5 millionar kroner i 2017. Det er opp 23 prosent frå året før. 

— Det er sjølvsagt kjekt å sjå at det går oppover, og at me heile tida får nye og nøgde kundar, men vekst og auka omsetning er ikkje det som driv oss. Først og fremst er me glade for å kunna ha ein jobb me trivst med og at jobben ikkje går ut over det aller viktigaste for oss alle – familielivet, seier Leif Thorsen, med tittel dagleg leiar.

Akkurat det med dagleg leiar er berre på papiret, forklarar han, og understrekar at alle dei tre gründarane — Leif Thorsen, Torleiv Åreskjold og Andreas Høyland – er medarbeidarar og webutviklarar, forutan å vera 100 prosent eigarar av suksessbedrifta. Rekneskapen deira viser eit årsresultat på nær 1,9 millionar kroner for 2017, som er ein auke på nærare 38 prosent frå året før.

Skapar arbeidsplassar

— Ei anna drivkraft for oss er gleda over å kunna skapa nye arbeidsplassar, og torsdag i sist veke inngjekk me avtale med den sjette personen på laget, som forutan oss tre no består av ein webutviklar busett i Larvik og to sals- og supportmedarbeidarar med adresse i Jerusalem og i Sverige, fortel Torleiv Åreskjold.

Åreskjold er den eldste av dei tre og var lærar på Lundeneset då dei to andre gjekk ut som russ der like etter tusenårsskiftet. Felles interesse for webutvikling førte dei etter kvart saman i arbeidslivet. Dei kjende mellom anna på behovet for å finne ein avløysar til dei gode, gamle korktavlene som heng rundt om på skular, på arbeidsplassar eller andre stader der folk ferdast, og ville gjera noko med det.

Skapar behov

Under NæringsGiv i Olalia sist veke snakka sandeidsbuen Osvald Bjelland om å skapa eit behov som folk ikkje visste at dei hadde, men som dei berre måtte få dekka når løysinga låg der. Og så nemnde han Facebook og Google.

Thorsen ler litt når me dreg fram dette. Han vil ikkje vera med på at infoskjermen.no, eller Pin to Mind som produktet heiter internasjonalt, er eit produkt i denne klassen.

Først og fremst er me glade for å kunna ha ein jobb me trivst med
Leif Thorsen

— Men me hadde sjølve eit behov for å nå ut med informasjon på ein kjapp og noko meir moderne måte enn med bruk av korktavlene, og det ser ut til at me har treft ein marknad med produktet vårt, om enn ikkje i same målestokk som dei to nemnde gigantane, ler Thorsen.

Siste utvikling for infoskjermen.no er ei løysing for bruk på mobiltelefon.

Inspirasjon på internett

Å starte eiga bedrift kan ofte vera tungt og strevsamt, ikkje minst når store institusjonar som Innovasjon Norge ikkje har særleg å støtte opp med. Favo-gründerane vedgår at dei fekk heller lita støtte derifrå, men fann heller inspirasjon og rettleiing hos ein annan, internasjonal aktør på internett.

— For oss handlar det om å bygga ei nyttig programvare som gjer det kundane treng og ingenting meir. Programvarene skal vera enklast mogleg både å forstå, bruka og henta ut informasjon frå. At opplæring er unødvendig fekk me røyne då me i eit tilbod la inn gratis opplæring som eit element. Kunden gjorde seg aldri nytte av denne delen av tilbodet, men gjekk for oss som leverandør, fortel Åreskjold.

God service, ærlege, enkle og klare avtalar utan lita skrift og overraskingar og eit rett prisnivå peikar han på som viktige faktorar.

Kundane er investorar

— Me har ingen store investorar som har spytta inn pengar i verksemda vår. Kundane er investorane våre. Det er dei som finansierer den daglege drifta ved å betale for produkta våre. Me er avhengige av deira tillit, og tilbyr såleis ei svært enkel løysing. Kundane kan enkelt registrera seg på internett. Dei får ein månads gratis prøvetid før dei bestemmer seg for å bli fast kunde, og dei risikerer ikkje å bli bundne til langsiktige kontraktar som er dyre og vanskelege å koma ut av, informerer Åreskjold, og fortel om mellom 50 og 100 potensielle kundar rundt omkring i verda som til ei kvar tid er inne og prøver produktet.

Thorsen legg til at marknadsføringa deira skjer på tre måtar – gjennom nøgde kundar, ved deltaking på diverse messer og ved bruk av internett.

— Potensielle kundar søker oss opp ved hjelp av søkemotorar på internett, og truleg var det den vegen den mest eksotiske kunden vår dukka opp. Me vart kontakta av ein mogleg kunde i Brasil som absolutt ville prøve Pin to Mind. Førebels er han den einaste der i landet, fortel Thorsen.

Mykje heider og ære

På dei åtte åra Favo har eksistert har det vanka mange lovord og ære.

— Me var ikkje så lite stolte då me under NæringsGiv fekk prisen for Årets gründer i 2016, og det å koma på Dagens Næringsliv si Gazelle-liste to år på rad, for åra 2015 og 2016, var stort, samstemmer Thorsen og Åreskjold.

Truleg vil Gazelle-lista med oversikt over dei mest framgangsrike bedriftene i landet også for 2017 innehalda namnet til Favo, men denne gongen som bedrift frå Rogaland og Vindafjord etter at dei i mars i år skifta hovudadresse frå Tonstad i Sirdal og Vest-Agder til Ølensvåg. Kvalifikasjonskrava fyller dei med glans også for sist rekneskapsår.