Etne-keeper Lars Øvernes strekkjer seg forgjeves etter avslutninga frå Bjørn Tore Lunde (nr. 19), og Ølen tar leiinga 3-0 etter ein times spel. 
Foto: Magne Skålnes
Etne-keeper Lars Øvernes strekkjer seg forgjeves etter avslutninga frå Bjørn Tore Lunde (nr. 19), og Ølen tar leiinga 3-0 etter ein times spel. Foto: Magne Skålnes

Lokal toppkamp

Både Ølen og Etne låg i posisjon til å ta tabelltoppen i 5. divisjon før kampen i Ølen. Omlag 200 tilskodarar hadde tatt turen til Ølen SR-Bank Stadion, og dei fekk sjå eit heiltent heimelag etterkvart spela ut eit tafatt Etne-lag. Bjørn Tore Lunde gav Ølen leiinga 1-0 etter 14 minuttar. Det vart òg pauseresultatet. Rune Torstenbø auka til 2-0 etter 48 minuttar, før Bjørn Tore Lunde igjen var frampå for Ølen etter omlag ein time. Oliver Vestbø fastsette sluttresultatet til 4-0 etter 77 minuttar.

Ølen inntok dermed toppen av tabellen med 15 poeng. Deretter følgjer Vard 2 med 12 poeng, det same har Etne på tredjeplass.

Les meir om kampen i torsdagens papiravis.