Tøres Rullestad, Etne og Roar Lothe, Leirvik, kjempar om ballen. Dette er ifrå kampen i vår, som óg enda 1-1. Arkivoto: Magne Skålnes
Tøres Rullestad, Etne og Roar Lothe, Leirvik, kjempar om ballen. Dette er ifrå kampen i vår, som óg enda 1-1. Arkivoto: Magne Skålnes

Mager poengfangst

Etne spelte heime mot Leirvik Ballklubb, noko som vart ein jamn kamp. 1-1 og poengdeling vart fasiten etter at Espen Vaka sendte bortelaget i føringa før pause. Kristoffer Grønstad sikra det eine poenget med si skåring 13 minuttar før slutt. Etne burde nok tatt dei tre poenga om ein tel opp antal sjansar, men marginane er litt imot Etne for tida.

Heimekamp hadde óg Vats 94/Skjoldar, men Vard 2 vart for sterke. 1-3 vart sluttresultatet etter at det stod 0-3 til pause. Heimelaget reduserte ved Anders Handeland i sluttminutta.

Serieledar Ølen hadde ein dårleg dag, og vart sendt heim frå Nordheim med eit 4-2 tap i bagasjen. Nord leia 1-0 til pause, men auka til 4-0 etter kvilen. Ølen greidde å redusere to gonger mot slutten av kampen ved Bjørn Tore Lunde og Oliver Vestbø.

Desse resultata fører Vard 2 til topps på tabellen med 15 poeng og betre målskilnad enn Ølen. Etne ligg to poeng bak på tredjeplassen. Vats 94/Skjoldar ligg midt i klynga med sine 7 poeng så langt.

Les meir om kampane i måndagens papiravis.