Ingrid Lunde måtte sjå mange ballar bli slått i sanda på hennar og makkar Oda Ulveseth si side av nettet i Sveits.
FOTO: FIVB
Ingrid Lunde måtte sjå mange ballar bli slått i sanda på hennar og makkar Oda Ulveseth si side av nettet i Sveits. FOTO: FIVB

Slått til bakken i Sveits

SVEITS-NOREG 2-0, ITALIA-NOREG 2-0: Ingrid Lunde frå Ølensvåg og makker Ida Ulveseth tapte begge dei innleiande kampane og dermed vart dei tidleg tilskodarar i World Tour-runda i sandvolleyball i Lucerne i Sveits sist helg.

Det vart først eit klart tap mot sveitsiske Nichole Eizholer og Elena Steinmann i første kamp med sifra 14-21 og 16-21.

Mot italienske Marta Menegatti og Laura Giombini var det meir jamt, men Lunde og Ulveseth måtte likevel sjå seg slått i to sett, med sifra 19-21 og 18-21.

Neste runde i World Tour blir spelt i Haiyang i Kina 18.-22. juli.