Bjørn Tore Lunde skåra tre mål for Ølen og sikra sigeren mot Rubbestadnes. Foto: Magne Skålnes
Bjørn Tore Lunde skåra tre mål for Ølen og sikra sigeren mot Rubbestadnes. Foto: Magne Skålnes

Tilbake på vinnarsporet

Oppgjeret i 5. divisjon mellom Ølen og Leirvik vart tett og jamt lenge, men Ølen stod kampen best og vann 4-1. Det stod 1-0 til heimelaget til pause etter ei skåring av Bjørn Tore Lunde. Evigunge Jørgen Belt sørga for balanse i stillinga tidleg i andre omgang.
Kampen stod og vippa ei god stund før Lunde tok saka i eigne hender etter omlag 75 minuttar, og sette inn to mål til og vart hattrick-helt for heimelaget. Håvard Stople fastsette sluttresultatet til 4-1 før slutt.
Med dette kjem Ølen opp på ni poeng etter fire spelte kampar, noko som fører dei á poeng med Etne. Men Etne spelar sin fjerde kamp på fredag mot Rubbestadnes borte. Same kveld reiser Vats 94/Skjoldar til Frakkagjerd for å møta botnlaget Stegaberg.

Les meir om kampane i måndagens papiravis.