To mista lappen

Fartskontroll i Etne og Skjold.


Ikkje uventa var UP ute på vegane for å kontrollera helgeutfarten onsdag ettermiddag og kveld. På E134 vest for Etne sentrum blei resultatet ti forenkla førelegg for brot på fartsgrensa i 60-sone. Ein mann i 30-årsalderen blei målt til 90 km/t og det enda med inndraging av førarkortet. Like før midtnatt same kveld beslagla UP eit førarkort til ein mann i 40-åra. Hans fart blei målt til 87 km/y i 60-sone.