38-18-bjordalstunet

Turmarsj på sundag

Det er sundag, og ikkje fredag som det stod i torsdagens avis, at turmarsjen frå Skjold til Bjordal av stabelen. Den nye marsjen har som mål å samla inn pengar til eit godt føremål. Løypa på 5,5 kilometer strekkjer seg frå Skjold Arena til Bjordalstunet i Vikebygd, via Prestegarden, Stemmestjønn, Trolltjønn og Holmavatn. Turen passar for heile familien. Det blir arrangert returtransport for dei som viser interesse for dette, og om ein melder frå på førehand kan ein kjøpa seg middag når ein når Bjordalstunet. I år går inntektene til Kreftsaka, og marsjen er i regi av Skjold og Vikebygd Lions Klubb.

Også notisen om reprise på utdrag frå den Elvis-inspirerte musikalen «Kjærleik, hat og rock´n´roll» på Sandeid samfunnshus, hadde oppgitt feil dag. Dette arrangementet som blir opptakten til årets Kystkulturdagar, går i kveld, fredag.