Uhell ved Ølen vgs

Både politi og brannvesen rykte ut då det tidleg fredag ettermiddag blei meldt om røykutvikling ved Ølen vgs. Det skal ha skjedd eit uhell i samband med undervisning. Ein elev og ein lærar er sendt til legevakt for sjekk. — Skadeomfanget er ukjent, men det skal ikkje vera alvorleg skade, opplyser lensman Ingvar Gjærde.