Bli med på Grannar sin fotokonkurranse.

Fjorårets vinnarbilde: Nyt livet på Øygarden i Vikedal. Foto: Linda Østerhus Hauge

Ver med og vis fram det vakre!

Bli med og vis fram det vakre i Grannar-distriktet gjennom linsa.

av Grannar

Grannar sitt store Sommarmagasin som i år kjem ut 14. juni, skal bidra til at innbyggjarar og gjester i distriktet, kan få ein smakebit kva bygdene og naturen i Vindafjord og Etne har å by på. Gjennom ein fotokonkurranse ynskjer me bidrag frå lesarane til å visa fram ein del av dette.

Difor; finn fram fotoapparatet eller mobiltelefonen og send inn ditt bilde til denne fotokonkurransen. Me ynskjer spesielt bilde av personar i sommarmodus, gjerne i spektakulær natur og motiv som gir inspirasjon til å koma seg ut i frisk luft.

Innsendte bilde må ha god oppløysing slik at dei eignar seg på trykk. Skriv ein kort informasjon om bildet, kor det er tatt, eventuelt namn på personar (frå venstre), og kven som er fotograf. Har du eit lite turtips knytt til bildet, slik at lesarane kan finna fram, er det også fint.

Me trekkjer ut eitt vinnarbilde som vil bli presentert i Sommarmagasinet 2018, saman med ein del andre innsendte bilde. Førstepremie er ein mini iPad. Tre andre vil få kvar sine fem Flax-lodd. Alle bilda vil dessutan bli presentert i fotoalbum på grannar.no.

Sendt ditt bidrag på e-post til foto@grannar.no innan 28. mai. Merk sendinga med «Fotokonkurranse».

Lukke til!

 

Arne Frøkedal
redaktør