800 liter diesel rann ut

Politiet har oppretta sak etter at det rann ut rundt 800 liter diesel ved Stordalsvatnet i Etne. Uhellet skjedde i samband med dieselfylling ved eit gardsbruk på Frette. Det viste seg at tanken var defekt slik at dieselen rann ut i grunnen ca. hundre meter frå Stordalsvatnet, opplyser lensmann Ingvar Gjærde. Uhellet blei meldt litt over kl. 13.00 onsdag og politiet sendte ein patrulje til staden. Også brannvesenet rykte ut med mannskap for å stoppa lekkasjen og førebygga mot at dieselen spreidde seg til vassdraget. Brannsjef Morten Svandal opplyser at det er lagt ut absorberande lense i vatnet for å fanga opp eventuell lekkasje til Stordalsvatnet.