Arbeidsulykke i Vikebygd

Ein mann i 20-åra skada seg i ein arm under arbeid i ein brakkereigg i Vikebygd torsdag ettermiddag. Ifølgje politiet skar han seg då han var i ferd med å skjere noko til taket innvendig.

Han vart først frakta til legesenter, og vidare derifrå til Haugesund sjukehus i ambulanse. Saka blir etterforska som ei arbeidsulykke, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.