Fem fekk bruksforbod

Det blei gitt fem bruksforbod då Statens vegvesen onsdag kontrollerte lette køyretøy i Vindafjord. 91 bilar blei kontrollerte, og dei fem som fekk køyreforbod hadde manglande sikring av lasta dei frakta. Dette gjaldt både på tilhengar, lasteplan og i lukka varerom. — Folk må bli flinkare til å tenka over følgjene for skade dersom usikra gods begynnar å flytta på seg eller fell av, heiter det i kommentaren frå kontrolløren. Det blei dessutan gitt tre gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte, eitt for manglande vognkort og eitt for køyring med piggdekk trass i at det er midtsommar. Vegvesenet minner om at det viktig å sikra både seg sjølv og passasjerar før køyreturen startar. Kontrollen blei gjennomført i Ølmedal om førmiddagen og i Sandeid om ettermiddagen.