Hit - men ikkje lengre. Det er berre politi og brannvesen som får komma innanfor portane ved Hatteland fjellhall i Åmsosen
Foto: Grethe Hopland Ravn
Hit - men ikkje lengre. Det er berre politi og brannvesen som får komma innanfor portane ved Hatteland fjellhall i Åmsosen Foto: Grethe Hopland Ravn

Vassdamp utløyste alarmen

I følgje operasjonssentralen var det vassdamp som løyste ut alarmen på Hatteland sine anlegg søndag.

 Det var klokka 09.05 søndag morgon alarmen gjekk i Hatteland fjellhall i Nedre Vats, der det mellom anna blir oppbevart eksplosivar i form av fyrverkeri.

— I slike situasjonar har me beredskapsplanar og rutinar me skal følgja, og slik det er no skal ingen inn i fjellhallen før det er avklart at det ikkje er fare for folk, seier sikkerheitssjef for konsernet, Olav Espedal til Grannar søndag.

Han opplyser også at førebels har dei ingen indikasjon på at det er noko som brenn inne i fjellhallen, men dei tar ingen sjansar på å gå inn før alt er avklart.

— Brannvesen og politi er her i Vats, og me samarbeidar med dei rundt kva dei neste stega skal vera, seier Espedal.

Det var ingen personar inne i fjellhallen då alarmen gjekk, og det er heller ingen personar inne per no, så Espedal understrekar at her er ikkje noko hast. Det viktigaste no er å ta vare på dei tilsette, og sidan ingen oppheld seg inne i hallen vil dei bruka tid på avklara situasjonen.

— Det er ikkje fare for verken personell eller andre, og me meiner me har god kontroll på situasjonen, seier sikkerheitssjefen.

Oppdatert søndag kveld:

Operajonssentralen melder søndag at situasjonen er normalisert, og ingen fare for eksplosjon. Sikkerhetssona er dermed oppheva. Alarmen har ikkje slått seg ut grunna varme eller røyk, men vassdamp som følgje av overoppheiting av ein vasskjele.