Svart røyk velta ut då båten kom i brann.
Foto: Privat
Svart røyk velta ut då båten kom i brann. Foto: Privat

Full fyr i hagen

Til all hell spreidde elden ikkje seg då det oppstod brann i ein båt som stod lagra i ein hage i Skånevik.

Det var kl. 07.00 søndag morgon det gjekk ut melding om brann i ein 24 fots fritidsbåt i Skånevik. Naudetatane rykte ut og brannvesenet var raskt på staden nær sentrum. Med hus i nærleiken var det ei stund fare for at elden skulle spreia seg, menn brannvesenet fekk kontroll på brannen, melder Sør-Vest politidistrikt.

Etter det Grannar kjenner til var den innebygde båtmotoren full av drivstoff. Det velta tjukk, svart røyk ut over bygda, men ingen skal ha kome til skade.

Politiet har førebels ikkje opplyst om noko årsak til brannen.

Det er uvanleg stor brannfare for tida. Brannvesenet rapporterer om svært mange utrykkingar på Haugalandet og Sunnhordland denne helga på grunn av lite nedbør og langvarig tørke. I Etne kommune rykte brannvesenet ut også laurdag morgon etter melding at nokon brann bål i ein hage i Etne sentrum.