Foto: Magne Skålnes
Rune Torstenbø held fram med sine skåringsshow. Torsdag kveld skåra han fire i ein omgang. Arkivfoto: Magne Skålnes

Heng med i toppen

Ølen måtte vinne borte mot Stegaberg fredag for å halde følgje med Vard 2 på toppen av tabellen. Det vart ein hendelsesrik førsteomgang, der Stegaberg først tok leiinga 2-0. Men Ølen kom attende, og snudde kampen til 2-3 før pause. Andreomgangen enda mållaus, og dermed var dei tre poenga i boks for Ølen. Det var Rune Torstenbø, Bjørn Tore Lunde og Håvard Stople som skåra måla for Ølen, som med dette ligg á poeng med Vard 2 på tabelltoppen.

Vats 94/Skjoldar ligg i andre enden av tabellen, og trengde poeng heime mot Nord. Det stod 2-2 til pause, etter at Øystein Gjellestad og Johannes Urdal skåra måla for heimelaget. Men Nord avgjorde kampen til sin fordel i andre omgang, og sette inn to mål utan at Vats 94/skjoldar greidde å kvittere. Dermed enda kampen med eit 2-4 tap for Vats 94/Skjoldar. Laget ligg nå tredjesist på tabellen, eitt poeng føre Rubbenstadnes som ligg heilt sist. Etne har nå falt ned på fjerdeplass på tabellen, fem poeng bak Ølen